Georges, tu es nul.
Eg vil vere ho gamle dama med lysegult hår og regnfrakk som går bekymringslaust rundt der borte på turstien. Minus den teite hunden.
Vera, studerer arabisk og fransk i Edinburgh
Eg vil vere ho gamle dama med lysegult hår og regnfrakk som går bekymringslaust rundt der borte på turstien. Minus den teite hunden.
Eg har lært at ein kan skrive miljø - "milieu" - på engelsk, og også "stipend". Eg har brukt meir enn sju timar på å førebu meg til eit seminar i islams historie-faget eg tar, og eg er framleis ikkje ferdig. Men kanskje det er av di eg bruker halvparten av tida på å lese meg opp på diverse bakgrunnsstoff, for sjølv har eg berre hoppa inn i b-delen utan å ha tatt a. Altså, der finnest islams history 1a og 1b, eg gjer berre b. Skulle ønskje eg kunne stoppe tida og lese alt eg vil vite utan å bruke, vel, sju timar av denne måndagen, sju timar som eg aldri kjem til å få tilbake.
Saljūq er namnet på tyrkarmenna (fritt omsatt frå engelsk "Turkmen") som sjefa over eit megasvært rike på tusentalet. Det er dei eg les om, og det einaste eg eigentleg må levere inn i forkant av seminaret, er eitt avsnitt med svar på eit spørsmål om korleis desse Saljūq-menna gjenoppliva sunniislam etter hundre års pause. Meir enn sju timar fordjupa i den nye mursteinsboka mi, og produktet skal berre verte EITT AVSNITT. Får jo kunnskap og innsikt og blablabla, men hallo. Eg kunne ikkje vere med på kino eingong. Eg ville sjå Colin Firth i The King's Speech.
The Saljūq Empire 1092
Græla svært.
Kan forresten sjølvsagt skrive Saljūq på arabisk (sjølv om det sikkert er eit ord frå farsi eller noko): سلجوق
Greitt, så har eg kanskje ikkje kjøpt nye drakar i det siste, men eg har kjøpt verdas finaste kaffikrus (som strengt tatt nok er til te), med den kvite kanina frå Alice i eventyrland på. Sjå:

Smelta du? Eg gjorde. Legg spesielt merke til det nykleforma handtaket. Smelt.
Eg har også kjøpt einmannspresskanne og Starbucks-kaffi, så nå er eg mykje kulare enn mine medbuare etter middag.
Og grunnen til den obskure innleggtittelen er at eg såg The Kite Runner / Drakeløparen lørdag kveld, og i går, på min lille søndagstur, enda eg opp med å kjøpe musikken til filmen på cd. Elskar søndagsopne shoppinggater, altså. Eg kjøpte òg to ringar, éin treningsbehå, eitt svart kvardagsskjørt, eit nytt armbåndsur, eit nytt armband, bursdagsgåve til Mari og bursdagsgåve til Ruth som eg bur med.
Vil til Afghanistan. Må lære meg persisk først. Visste du at persisk er eit indoeuropeisk språk? Som norsk og engelsk og fransk og dei. Eg kunne banna på at det var semittisk slik som mitt kjære arabisk, men når eg høyrer etter, så synest eg persisk høyrer ut som ei blanding av tysk, arabisk og japansk. Lovar.
Burde kanskje ikkje reise til Afghanistan?
Men det eg skulle seie er at i dag byrjar skulen igjen. "Skulen", seier eg, meiner jo studiene. Skal snike meg inn i ei gruppe for fransk grammatikk klokka ti over elleve og håpe eg får vere med der, så islams historie ti over tolv, så lunsj, så arabisk klokka to. Så meir franske grammatikkoppgåver i kveld, gler meg sjukt, not.
Dessutan er det herleg å sjå mine medbuarar igjen, og me har bestemt oss for at me vil bu saman neste år òg. Far til Sarah er eigedomsmeklar eller noko liknande, så me har eit ess i ermet no når me har starta å sjå på leilegheiter. Spent, glad, gira.
Finally (?) back in Edinburgh after 19 days in snowy homy Norway. Didn't really take me long to journey back, which was surprising seeing as I travelled via Newcastle with a backpack, wait, make that two backpacks, and a plastic bag containing the 2011 House, M.D. calendar. I think one of the most awkwardly shaped human inventions in the world must be the 25cmx25cmx3mm paper calendar. Phew. Thanks anyway, Mari, it's lookin' real' nice, and will look even better once I bother to hang it up:

Obviously I've been to Meny (Norway, for the NonStops) and Tesco for (most of) the rest. Maybe this term won't be so bad, by the looks of it.
Other than that, thanks to Pappa for subconsciously planning my train-from-Newcastle-to-Edinburgh-iPod playlist, see bottom illustration.
!Bonus! Some of my mobile phone photos of very poor quality uploaded by me, for you, to illustrate the period November-January 2010/11:

Castle from Prince's Street

Imogen Heap @ HMV Picture House

Mari's one kilo Advent calendar and Christmas gift(s)

After me and Lynsey redecorated the common room

View from my window, if you twist your head, with snow

Who said Advent calendars are for kids?

The fabulous Flat Christmas Dinner!

Til Mari, jysla go'e kvalitet bare for deg!

Takk, Rebekka. Hei, Jakob!

Day trip to Haugesund: chillin' with Nintendo DS, although there seem to be no pancakes left

Newcastle-Edinburgh, soundtrack: Nitin Sawhney - Noches en Vela, Pt. 2.
The end, as-salaama!
det er så ekkelt når du kjenner nokon ser på deg bakfra, men veit at det er umogleg av di tyverialarmen var på då du kom heim til huset i møllegata etter det hadde stått ganske tomt i om lag ei veke. og når du skrur alle lysa på i kjellaren, med badet, kjellarstoga og soverommet sine dører på vidt gap for at det ikkje skal vere som om du lukkar deg inn i rom som kanskje kan vere fiendtlege når dei har stått utan å ha hatt menneske i seg på så lengje. eg lot dei stå opne for det kjendest best, men sjølvsagt måtte kjellarstogedøra skrike heilt utan grunn akkurat då eg sto med ryggen til. eg klarer ikkje la vere å ause meg opp til eit slags panikkstadium. det er så himla teit. dette er jo det huset eg likar best av alle hus eg veit om. og likevel tolkar eg ei knirking i golvplankane over rommet mitt som om ein ond mann sat i sofaen oppe. og venta på meg med ei masjete eller noko. ååå. det er rart at det hjelper å tenkje at ein ikkje er aleine i slike situasjonar, når det eg er aller mest redd for er at eg ikkje er aleine i dette huset i natt.
trur eg må legge meg til under dyna og lese meir om vatanen og haren.
litt gleder frå sommaren skal ein få lov til å nyte i jula. elles er det fint med englar i grana, besøk til og av absolutt alle familiemedlem, og film om kjærleik i beirut. eg har tre nye romanar i haugen min, nye, fine vinterklede, og har blitt tenkt på av mitt seks år gamle (gute-)søskenbarn som fann den perfekte giga-size ringen frå h&m berre til meg. har spelt brettspel og sett meir tv den siste veka enn dei siste tre månadene. og smakt ny favorittsjokoladekake. deilig er jorden.

mms frå i sommar, tatt av mamma eller pappa
but you should be ashamed. Er det så vanskeleg å investere i eit par snøplogar?
Noobs.
| 1 |
(himmellegeme) star of Bethlehem, Bethlehem star |
| 2 |
(stjerne i toppen av juletre) Christmas tree star |
| 3 |
(plantearten Euphorbia pulcherrima) poinsetti
kanskje eg skal gå meg ein tur og sjå om eg får kjøpt meg ein poinsetti? ha |
5. bonfire night: buss, gigabål, raketter, rødvin, have you ever.
6. charles de gaulle, sitronkake, de gaulle, pollock halls, young victoria, jane eyre.
7. w ou le souvenir d'enfance, tesco, de gaulle, jane eyre, fiskepinner, de gaulle.

nesten björk
Eg likar når det bles og der er skyer på himmelen. Då kan ein sitte inne og høyre trekken av vinden utanfor, og ser ein på skyene kan ein sjå at det bles enda meir der oppe. For skyene går så fort, sikkert like fort som fly. Hugsar aldri kor høgt opp ein må for å finne dei store cumulus-skyene, eller kva dei heiter. Iallfall mange hundre meter. Tusen? Det er igrunnen rart at dei høyrer til jorda, og at det finnest eit skilje mellom våre sfærer med skyer og allslags, og resten av Universet. Korleis klarar sfærene å henge fast rundt jorda, når ikkje me klarar å henge fast i lause lufta? Som med teflonpanner som ingenting kan sette seg fast i - korleis festar ein då teflon til panna? Der finnest vel eit lag imellom teflonen og metallet i panna, som fungerer som limet. Som med atmosfæren vår. Veit ikkje kva "atmo" betyr eingong...
I dag kokte eg rosenkål for første gong nokosinne. Var godt, betre enn tikroners mikrotikka "med kylling".